This page uses content from Wikipedia and is licensed under CC BY-SA.

Mexico – Wikipedia

[endre]
Estados Unidos Mexicanos

(norsk: Mexico, meksikansk)

Det meksikanske flagget Det meksikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Himno Nacional Mexicano»
Motto El respeto al derecho ajeno es la paz (Spanish : Respect for the rights of others is peace) also sufragio efectivo – no reelección (Spanish: effective suffrage - no re-election) is widely in use on government documents
Geografisk plassering av Mexico
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Mexico by
Styresett
Forbundsrepublikk
Andrés Manuel López Obrador
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 964 375 km² (13.)
2,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
124 574 795 (11.)
63,4 /km² (120.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
16. september 1810
27. september 1821
Nasjonaldag 16. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 220 000 mill. USD (11.)
19 300 USD (69.)
Valuta Meksikansk peso
Tidssone UTC -5 til -7
Telefonkode +52
Toppnivådomene .mx


Dei sameinte meksikanske statane eller berre Mexico (spansk Estados Unidos Mexicanos eller México) er eit land som ligg i Nord- og Mellom-Amerika med grenser til USA i nord og Guatemala og Belize i søraust. I sør og vest har landet kystline mot Stillehavet, og i aust mot Mexicobukta og Det karibiske havet. Det er det nordlegaste landet i Latin-Amerika og det folkerikaste spanskspråklege landet i verda.

Landet er ein føderal republikk og har over hundre millionar innbyggjarar. Rundt 20 millionar av dei bur i og rundt hovudstaden Mexico by. Det høgaste fjellet i landet er vulkanen Pico de Orizaba.

I rundt tre tusen år var Mexico heimen til fleire mesoamerikanske sivilisasjonar, slik som olmecane, mayaene og aztekarane. Etter at aztekarane var overvunne i 1521, la spanske conquistadorar landet under seg og grunnla Nye Spania, ein koloni som vara i tre hundre år.

Den katolske presten Miguel Hidalgo erklærte landet sjølvstendig frå Spania i 1810. Dette førte til ein lang krig som til slutt enda med at Mexico blei eit sjølvstendig keisardøme i 1821. Det blei utropt til republikk i 1824.

Namn

Månepyramiden i Mexico sett frå Solpyramiden.

Mexico er ei politisk eining som oppstod på 1800-talet. Sjølv om nokre forfattarar omtalte seg sjølv som meksikanarar tidlegare enn dette, var det ikkje før landet blei sjølvstendig at namnet Mexico blei teke definitivt i bruk.

Heilt sidan landet blei ein føderalstat, har det offisielle namnet vore Estados Unidos Mexicanos («Dei sameinte meksikanske statane»). Grunnlova frå 1824 brukar likevel òg namnet Nación Mexicana «Den meksikanske nasjonen».[1] Grunnlova frå 1857 gjer bruken av namnet República Mexicana («Den meksikanske republikken») offisiell, men i teksten nyttar ein òg Estados Unidos Mexicanos.[2] Den gjeldande grunnlova frå 1917 gjer det klart at det offisielle namnet til landet er Estados Unidos Mexicanos.

Det finst fleire hypotesar om kvar ordet Mexico stammar frå. Det einaste som er sikkert at det dreier seg om ein forspansking av ordet Mēxihco, eit ord frå nahuatl som var namnet på hovudstaden til mexicaene (Aztekarriket). Eit forslag går ut på at ordet kan tolkast som 'staden der Mēxitli (eller Mēxtli) bur', krigsguden til mexicaene. Eit anna forslag seier at namnet kjem av orda mētz-tli 'måne' og xīc-tli 'navel, sentrum' og morfemet -co 'i, på staden til'. I så fall tyder Mexico 'Senteret til månen' eller 'Sentrum av innsjøen til månen', som var eit av namna mexicaene hadde for Texcocosjøen. Denne forklaringa er likevel ikkje etymologisk tilfredsstillande, sidan ho verken tek omsyn til lengda til i-en i xīc- eller den glottale plosiven som skulle koma før lokativen, og at ho føreset eit irregulært bortfall av -tz i mētz-.

Geografi

Kart over Mexico

Mexico dekker nesten to millionar kvadratkilometer (seks gonger så stort som arealet til Noreg) på begge sider av Krepsen sin vendekrins. Mot nord grensar Mexico til USA, og dryge halvparten av grensa følgjer elva Río Bravo del Norte, i USA kjend som Rio Grande. Den vestre grensestrekninga går for det meste gjennom ørken og halvørken. Heile det nordlege Mexico er prega av ørken, sjølv om nokre fjellstrøk er skogkledde, og det blir drive jordbruk i oasar.

På vestkysten ligg den tynt folkesette, knusktørre Californiahalvøya, den lengste halvøya i verda.

Sør for ørkenen ligg det fruktbare området Bajío, som strekkjer seg frå kyst til kyst, og der ein finn store byar som Guadalajara, León og Querétaro.

Det sentrale høglandet rundt Mexico by er prega av mektige vulkanar, og fjellområdet blir kalla La Cordillera Neovolcánica eller Det transmeksikanske vulkanbeltet. Busetjinga her ligg over 2000 meter over havet, delstatshovudstaden Toluca ligg eksempelvis ca. 2600 moh. I tillegg til vulkanane, som Popocatépetl, finst det skogkledde fjell, fruktbare dalar og lommar av ørken i regnskuggen. Denne landskapstypen pregar òg fjellstrøk i Oaxaca og Chiapas. Dette området har ein klart avgrensa regnperiode i juni–september, og er elles forholdsvis tørt. Det gjeld òg kystområda på begge sider, som er prega av tørr skog.

Popocatépetl, ein vulkan i La Cordillera Neovolcánica

Klimaet i Mexico er i stor grad mykje rolegare og mindre variert enn i nabolanda i nord. Tropiske orkanar er derimot ein trugsel på både austkysten mot Mexicogolfen og Karibia, og på den sørlege Stillehavskysten. Ein kan få kraftige flaumar i dei høgareliggande områda når gamle orkanar går innover land, eller i samband med vedvarande pålandsvind mot dei sørlege fjellsidene av Chiapafjella, særleg i avskoga områda. Bortsett frå dette er klimaet i Mexico stort sett harmlaust.

Mot sør aukar nedbøren, og i delar av Chiapas og Yucatán finst det store område med tropisk regnskog. Den flate Yucatán-halvøya er elles prega av savanne. Utanfor kysten av Quintana Roo ligg dei største korallreva i Amerika, som strekkjer seg inn i Belize og Honduras.

Folktettleiken er størst i høglandet rundt Mexico by, og dessutan i Bajío. Ørkenen i nord og jungelområda i sør er tynt folkesette. Storbyar langs eller nær grensa mot USA, som Tijuana, Mexicali, Hermosillo og Ciudad Juárez har eksplodert i storleik dei siste åra.

Mexico har eit rikt mangfald av dyr- og planteliv. Det finst over to hundre tusen artar i landet. 170 000 kvadratkilometer av landet er verna naturreservat.

Historie

Mexico var åstaden for oppbløminga av fleire høgkulturar før den spanske erobringa frå 1519. Jordbruket, med mais, bøner, chili og avokado, oppstod i dalane i det sentrale høglandet for 8000 år sidan. Etter kvart oppstod det jordbrukssamfunn og høfkulturar i områda sør for den såkalla Chichimeca-linja, som går frå Guadalajara til Tampico. I områda nord for linja budde det nomadestammar som livnærdt seg gjennom jakt og fiske. Kulturområdet sør for linja blir kalla Mesoamerika, og strekkjer seg ned til Honduras, El Salvador og Nicaragua. Her avløyste ei rekkje kulturar kvarandre, som hadde mange fellestrekk.

Olmekiske kjempehovud, no i museum i Xalapa.

Olmekarar, Teotihuacan og klassisk Veracruz

Den første kulturen var den olmekiske, som bløma i delstatane Veracruz og Tabasco. Han er spesielt kjend for dei store steinhovuda olmekarane laga. Den neste store høgkulturen oppstod rundt storbyen Teotihuacán, som bløma frå kring Kristi fødsel til byen blei brunnen og øydelagd rundt år 750. Samstundes bløma det ein kultur på Golfkysten som blir kalla Klassisk Veracruz, sentrert rundt storbyen El Tajín.

Toltekarar

Etter at blei øydelagd Teotihuacáns kom det eit nytt folk frå nord, toltekarane, som hadde hovudstad i Tula frå ca. 900 til ca. 1100. Detta var eit krigersk folk, som blant anna erobra store område av Mesoamerika, og som auka talet på menneskeofringar.

Ruinane av eit av templa i mayabyen Chichen Itza.

Mayakulturen

På same tid blomstra mayakulturen i sørlege Mesoamerika, på Yucatán-halvøya, i Chiapas, og dessutan i Guatemala, Belize og delar av Honduras og El Salvador. Denne kulturen oppstod før Kristi fødsel, og den første store bløminga skjedde frå 500-talet. På 800-talet viste likevel mayakulturen teikn til forfall, og mange av byane blei forlatne rundt år 900. Samstundes opplevde Yucatán-halvøya ein toltekisk invasjon frå sentrale Mexico. I deler av området haldne fram kulturen likevel å blomstra heilt fram til ca. 1540.

Zapotekarar og mixtekarar

Også andre område opplevde ei kulturell bløming. I Oaxaca var zapotekarkulturen sentrert rundt seremonisenteret Monte Albán. I mellomalderen blei denne kulturen avløyst av mixtekarane. I Michoacán blomstra tarascokulturen (no kalla purépecha) i hundreåra før den spanske erobringa. Det finst også døme på høgkulturar nord for chichimekargrensa, som Paquimé i Chihuahua.

Aztekarane og samtidige grupper

Ei framstilling av grunnleginga av Mexico-Tenochtitlan frå Codex Mendoza.

Aztekarane kom inn i Mexico-dalen rundt 1300, og grunnla hovudstaden sin på ei øy i Texcocosjøen i 1326. Etter kvart erobra dei naboane sine rundt sjøen. Frå 1426 danna dei den såkalla trippelalliansen saman med Texcoco og Tlacopan. Seinare erobra dei det meste av området vest for Tehuantepec-eidet. Berre statane Tlaxcala aust for Mexico by og Purépecha-nasjonen i vest stod i mot. Aztekarane utbytte dei undertvinga undersåttane sine. I tillegg til rikdomar måtte desse levera menneske til menneskeofring.

Spansk erobring

Hernán Cortés og La Malinche møter Moctezuma II. Framstilling frå Lienzo de Tlaxcala, skapt ca. 1550.

Den spanske erobringa byrja i 1519, då den spanske conquistadoren Hernán Cortés gjekk i land ved den staden som i dag er kjent som Veracruz. I eit toårig felttog med ganske små spanske styrkar men etter kvart talrike hjelpestyrkar frå anti-aztekiske urfolk klarte han å styrta heile det mektige aztekarriket. I løpet av få år blei heile det sentrale og sørlege Mexico erobra.

Massakrar og hardt slavearbeid følgde for aztekarane og dei andre folka i den nye kolonien Ny-Spania. Dei fleste urfolke blei likevel drepne av nye og heilt ukjende sjukdomar som t.d. koppar, som folkesetnaden ikkje hadde motstandskraft mot. Ein rekner med at det budde 18 millionar menneske i den regionen som blir kalla Mesoamerika i 1519. Ved slutten i hundreåret var talet redusert til ca. 2 millionar urfolk.

Kolonien Ny-Spania

Den katolske religionen fekk fotfeste i området, særleg etter at den mørkhuda Jomfrua av Guadalupe viste seg i 1531. Tiggarmunker oppretta misjonsstasjonar og skular over heile landet. Det blei tidleg oppretta skular for urfolka.

Munkeordenane var ein viktig del av koloniseringa, ettersom dei arbeidde for å omvenda urfolket til katolisismen, og dermed passiviserte dei. Dei første munkane slo seg til i og rundt Mexico by, men etter kvart nådde dei òg meir fjerntliggande område.

Dei tre hundre åra med spansk styre hadde eit klart skilje mellom rettane og stillinga til dei ulike folkegruppene. Nedst på rangstigen stod dei afrikanske slavane, deretter kom urfolk, så følgde mestisane, og så criollos, folk av europeisk avstamming fødd i Mexico. Dei einaste som kunne ha offentlege posisjonar var likevel peninsulares, folk fødd i på den spanske halvøya i Europa, sjølv om dei ofte hadde ein sosialt sett audmjuk bakgrunn frå Spania.

Mexico var ein av dei rikaste koloniane til Spania, og mellom anna sølvgruvene i den sentrale delen av landet, t.d. i Taxco og Guanajuato, gav grobotn for økonomisk vekst. Store byar som Mexico by, Puebla, Guadalajara og andre var senter for lærdom, kunst og handel. Kolonien Filippinane blei kolonisert frå Mexico, og handelen mellom Filippinane og Spania gjekk via Mexico. Denne handelen blei tidleg truga av engelske, nederlandske og franske sjørøvarar. Kystbyane og handelsflåten blei utsette for stadige brutale sjørøvaråtak frå midten av 1500-talet til byrjinga av 1700-talet.

Sjølvstendekamp

Miguel Hidalgo måla av Antonio Fabrés.

I 1767 blei den innverknadsrike jesuittordenen forboden i det spanske riket, noko som sterkt prega kolonien. Motsetningsforholdet mellom «criollos» og «peninsulares», saman med generell misnøye, skattetrykk og til sist Napoléon sitt inntog i Spania, utløyste sjølvstendekampen frå 1810 av. Den katolske presten Miguel Hidalgo er blitt kjend som ein opprørsleiar for sitt rop i Dolores og for å ha marsjert gjennnom landet og samla ein svær bondehær.

Ein hær på 80 000 mann gjorde etter kvart store landevinninger og erobra alle byane i den rike, vestre delen av landet. Avgjerda om ikkje å ta Mexico by i 1811 var likevel skjebnesvanger, og snart slo dei spanske regjeringsstyrkane tilbake og gjenerobra dei fleste byane. Motstandskampen heldt likevel fram i avsidesliggande område, og i 1813 møttest ei riksforsamling i byen Chilpancingo i Guerrero for å bli samde om ein grunnlov for den framtidige staten. Omslaget kom endeleg då den spansktru generalen Vicente Guerrero skifta side, og dermed tvinga fram ei spansk evakuering i 1821.

Sjølvstende

Etter sjølvstendet erklærte Agustín de Iturbide seg som keisar av Mexico i 1822. Året etter blei han avsett, og landet blei gjort om til republikk. General Guadalupe Victoria blei den første presidenten i landet.

Territorium avstått til USA i 1848. Gasden-kjøpet frå 1853 i gult.

Samstundes føregjekk det krigføring om Mellom-Amerika, som ikkje ynskte å vera del av Mexico. Også i Texas, som hadde tilhøyrd den meksikanske kolonien sidan 1600-talet, var det uro. I 1836 erklærte teksanarane sjølvstende. I 1841 braut også Yucatán-halvøya med sentralregjeringa, og blei først gjeninnlemma i Mexico i 1848. Mellom 1846 og 1848 førte USA ein krig mot Mexico fram til store delar av landet, inkludert hovudstaden, var okkupert. I fredsavtala etterpå måtte Mexico avstå Alta California og det som i dag er Utah, Nevada, Colorado, New Mexico, Arizona og Texas til USA. Denne krigen blir i USA kalla for «Mexico-krigen», men i Mexico for «den nordamerikanske invasjonen».

På 1860-talet blei Mexico erobra av franske troppar, som innsette Maximilian som meksikansk keisar. Under leiing av den karismatiske reformatoren og zapotek-indianeren Benito Juárez blei likevel Maximilian driven tilbake, og blei til slutt teken til fange og avretta i 1867. Samstundes blei det innført liberale reformer som blant anna skilde kyrkje og stat.

Etter ein reformperiode blei Mexico mot slutten av 1800-talet styrt av den diktatoriske Porfirio Díaz, som gjennomførte storstilte utbyggingar av vegar og jarnbaner, men samstundes tok bort jord frå vanlege folk og opna for amerikansk og europeisk utnytting. Utviklinga under «El Porfiriato» auka klasseskilja, og skapte stor misnøye både i det liberalorienterte borgarskapet og på landsbygda, der folk mista jorda si.

Den meksikanske revolusjonen

Francisco I. Madero med Emiliano Zapata i Cuernavaca under den meksikanske revolusjonen.

I 1910 braut den meksikanske revolusjonen ut. Den liberale opposisjonsføraren Francisco I. Madero vann uventa presidentvalet det året, og valet blei underkjent. Eit breitt folkeleg opprør sørgde for å sikra Madero makta. Porfirio Diaz blei avsett og drog i eksil i 1911, medan Mexico gjekk inn i ein endelaus kamp mellom ulike opprørsgrupper og regjeringssoldatar. I 1913 greip dei konservative makta og avsette Madero, som så blei avretta. I 1917 blei hovudstaden teken av opprørarane, og ei ny grunnlov som enno gjeld blei utarbeidd. Revolusjonen førte truleg til tapet av ein million liv i Mexico, og var prega av stor brutalitet.

Mellomkrigstid og etterkrigstid

Revolusjonsgrunnloven av 1917 var sterkt anti-katolsk, og blei følgd opp med ei rekkje anti-katolske tiltak. I 1924 blei desse tiltaka ytterlegare skjerpa, slik at ein kunne tala om ei regulær forfølging. Dette utløyste ein katolsk-konservativ geriljarørsle, cristeros, som på 1920-talet fekk sterk støtte i Jalisco, Michoacán og delstatane rundt.

President Lázaro Cárdenas nasjonaliserte oljeressursane i landet i 1938, noko som førte til internasjonal boikott av landet.

1940- og 50-talet var prega av økonomisk oppsving, blant anna drive fram av eksporthøva som følgje av USA si krigsdeltaking, og dessutan mangelen på importvarer som igjen fremja innanlandsk industriutvikling. I 1968 arrangerte Mexico by OL, men før hendinga blei hundrevis av studentar massakrerte under ein demonstrasjon i Tlatelolco i Mexico by. Mexico arrangerte Fotball-VM i 1970 og i 1986. Medan åttitalet var prega av oljedriven rikdom, var nittitalet ein økonomisk nedtur. I 1994, ved utgangen av presidentperioden ti Carlos Salinas, gjekk pesoen kraftig ned i verdi, og landet gjekk inn i ei djup krise som Salinas fekk skulda for. Krisa førte i sin tur til allmenn diskreditering av partiet PRI og ei undergraving av maktmonopolet det hadde hatt. I 2000 måtte PRI gje frå seg makta til Vicente Fox frå det konservative partiet PAN. I presidentperioden til Fox bygde Mexico seg sakte opp att etter peso-krisa. Politisk heldt PRI likevel på makta i mange av delstatane, og heldt fram med å vinna guvernørval. Også det venstreorienterte partiet PRD, leia av ein tidlegare ordførar av Mexico by, Andrés Manuel López Obrador, stod politisk sterkt. Presidentvalet 2006 var særs jamt. Vinnaren av valet blei Felipe Calderón frå det nasjonale handlingspartiet PAN. Calderon vann med omtrent 250 000 stemmer framfor Lopez Obrador. Venstresida i Mexico har ved fleire høve skuldgjeve høgresida for valfusk og López Obrador hadde enno ikkje akseptert valresultatet då Felipe Calderón avla eid som president av Mexico den 1. desember 2006.

Styresett og politikk

Det meksikanske flagget utanfor Palacio Nacional i Mexico, på hovudplassen i Mexico by, Plaza de la Constitución eller Zócalo.

Ifølgje grunnloven av 5. februar 1917 er Mexico ein demokratisk, føderal og representativ republikk av 31 uavhengige og suverene delstatar og eit forbundsdistrikt som forbundet blir styrt frå. Styresettet i delstatane og i forbundet er delt i tre makter, utøvande, lovgivande og dømmande. Den utøvande makta ligg hjå presidenten av republikken. Presidenten er samtidig både statssjef og regjeringssjef, og han utnemner regjeringsmedlemmane. Presidentperioden er på seks år, og presidenten kan ikkje veljast om att. Skulle presidenten hindrast frå å fullføra sin periode, vil kongressen peika ut ein interimpresident. Den lovgivande makta ligg hjå Unionkongressen, Congreso de la Unión, som er delt i to kammer: Senatkammeret, Cámara de Senadores (kort senado, 'senatet') og Deputertkammeret, Cámara de Diputados (kort Cámara baja, 'underhuset'). Senatet har 128 senatorar, minst tre frå kvar delstat. Senatet blir valt kvart sjette år, og perioden tilsvarer presidentperioden. Deputertkammeret består av 300 deputerte frå einmannskrinsar og 200 valde i fleirmannskrinsar. Dei sistnemnde kan samanliknast med dei norske utjamningmandata. Kvar delstat er representert med minst fire representantar i Deputertkammeret, og dei deputerte blir valde kvart tredje år. Verken senatorane eller dei deputerte kan veljast om att til det same kammeret. Dei folkevalde kan ikkje seia frå seg stillinga, men kan i nødsfall søka om å fråtre.

Den dømmande makta ligg hjå Høgsteretten til nasjonen, Suprema Corte de Justicia de la Nación, og hjå ulike allmenne og spesialiserte domstolar. Høgsterett er sett saman av 11 dommarar utnemnd av Unionkongressen. Høgsterettsdommarane sit i 15 år.

Administrativ inndeling

Mexico er oppdelt i 31 delstatar (estados) og eit føderalt distrikt (det føderale distriktet i Mexico), som er heimstad for hovudstaden Mexico by. Omgrepet «føderale einingar» blir brukt som ein samlebetegnelse for alle delstatane og det føderale distriktet. Den største delstaten i areal er Chihuahua, medan den minste er Tlaxcala. Det meste folkeriket er Estado de México, og delstaten med færrast innbyggjarar er Baja California Sur. Då Dei sameinte meksikanske statane blei grunnlagde i 1824, bestod republikken av 19 delstatar og tre føderale territorium. Seinare same år blei det føderale distriktet oppretta, og Tlaxcala blei det fjerde føderale territoriet. Mexico mista etter kvart store landområde til USA. Fleire av dei gjenverande delstatane blei med åra delt opp i mindre einingar, og dei føderale territoria blei litt etter litt omgjort til delstatar. I 1974 fekk Baja California og Quintana Roo, dei to siste gjenverande føderale territoria, status som delstatar.

Folkesetnad

Ein meksikansk skuleklasse ca. 1934 med språkforskaren Rosario María Gutiérrez Eskildsen, av spansk og dansk avstamming, som lærar.

Det finst to hovudgrupper i landet, urfolk («indigenas») og mestisar. Det finst òg nokre få av hovudsakleg europeisk avstamning, og ein del folk av (delvis) afrikansk og asiatisk opphav. Mange afrikanarar blei tekne til Mexico som slavar, som så blanda seg med mestisane. På kystane er det eit synleg afrikansk innslag i folkesetnaden. I statane Puebla og Michoacán finst det samfunn som snakkar italiensk, og i Nord-Mexico finst det små samfunn av tysktalande menonittar. Begge gruppene kom til Mexico i løpet av 1800-talet. Kinesarane som kom til Mexico for å byggja jarnbaner i løpet av det 1800-talet blei møtt med sterke fordommar, og denne gruppa er no tilnærma heilt assimilert i folkesetnaden. Tysktalende jødar, mange avdei flyktningar frå nazitida, dannar òg ei lita gruppe i hovudstadsområdet.

Urfolk i Mexico

I folketeljingar reknar ein innbyggjarar som urfolk, eller indígena, om dei oppgjev at dei taler eit av dei 62 urfolkssspråka i landet. Denne gruppa utgjer ca. 10 % av innbyggjarane i Mexico. Dei mest utbreidde urfolksspråka er nahuatl i området rundt Mexico by og Puebla, yukatansk mayaYucatánhalvøya, zapotekisk og mixtekisk i Oaxaca, tzotzil i Chiapas og otomí i Hidalgo. Sørlege statar som Chiapas, Oaxaca og Yucatán har flesturfolksinnbyggjarar,og innslaget er òg stort i dei sentrale delane av landet. Mot nord er urfolkgruppene få og spreidde. I alle fall 20 av dei 62 språka blir i dag tala av svært små grupper, og er sterkt truga. Urfolka er generelt dei fattigaste i samfunnet, og bur ofte slumstrøk i Mexico by. Likevel identifiserer meksikanarar seg med urfolkkulturane sine. Representantar frå urfolka har mellom anna blitt valde til president; den første var Benito Juárez.

Mestisar

Dei fleste andre innbyggjarane stammar både frå urfolk og spanjolar, og snakkar spansk. Ofte kan ein ikkje sjå skilnad på urfolk og mestisar, dersom ikkje urfolka ber folkedrakter.

Meksikansk spansk

Mexico er det største spansktalende landet i verda. Spansken ein bruker i Mexico har innslag av prekolumbiske språk, særleg nahuatl. Spesielt gjeld dette namn på mat, råvarer, lokale dyr og innan slang. Mange meksikanarar legg likevel vekt på å snakka eit korrekt, internasjonalt spansk. Mexico er ein stor produsent av filmar, popmusikk og telenovelaer. Dermed er meksikansk spansk kjend og forstått i heile den spansktalande verda. Det finst ein del dialektskilnader innanfor Mexico, og særleg i nord og på kystane finst det markerte dialektar, men desse er ikkje er altfor langt frå standard latinamerikansk spansk.

Mange stadnamn i Mexico inneheld x-ar. Ein x kan koma midt i ordet, slik som México eller Oaxaca, eller i byrjinga, som Xalapa og Xochimilco. Uttalen av x-en kan variera. Xalapa og Oaxaca blir uttalt med j-lydar, medan Xochimilco blir uttalt med -s. I ordet Tlaxcala blir x-delen uttalt -ks.

Dette er eit særmeksikansk fenomen, og kjem av samspelet mellom spansk ortografi og urspråka i Mexico. På 1500-talet var x mykje brukt i spansk ortografi, og kunne skildra ulike lydar. Når så rettskrivinga endra seg, var x-en i stadnamn allereie så vanleg at ein ikkje endra skrivemåten.

Religion

Pilegrimar på sykkel med jomfrua av Guadalupe-flagg.

Mexico er strengt sekulært, og religion blir rekna som ei privatsak. Dette er ein tradisjon som går attende til La Reforma på 1860-talet, då makthegemoniet til kyrkja blei brote. Først president Salinas (1988–94) gjeninnførte diplomatisk samband med Pavestolen, etter at det hadde vore brote sidan den meksikanske revolusjonen. Særleg på 1920-talet var konfliktnivået høgt, med både ein katolsk såkalt cristero-gerilja og hardhendte antiklerikale tiltak frå regjeringa. I store delar av det 1900-talet har staten lagt strenge restriksjonar på kyrkja, og ho kan til dømes ikkje eiga land. Offisielle kalendrar kallar ikkje 25. desember for «jul», men «tradisjonell fest».

Trass dette problematiske tilhøvet er 82,7% av folkesetnaden katolsk, og livet for mange meksikanarar er prega av eit nært tilhøve til kyrkja. Nesten halvparten av folkesetnaden går til messe minst éin gong i veka. Jomfrua av Guadalupe er vernehelgen for Mexico, og festdagen hennar den 12. desember er ein uoffisiell nasjonaldag.

Katolske ritual er ofte sterkt påverka av kulturen til urfolka i mange område, og i nokre tradisjonelle urfolksamfunn er den katolske trua berre ein ytre ferniss. Dei fleste av den libanesiske minoriteten er maronittar, som er ei av kyrkjene i Midtausten som anerkjenner paven. Maronittane har eigne kyrkjer i dei største byane.

Seks prosent av folkesetnaden er ulike protestantar, mormonarar og Jehovas vitne, og desse trusretningane er særleg populære blant urfolk i Sør-Mexico. Nokre få urfolksamfunn har òg halde på sin opphavlege religion. I Mexico by bur det ein liten jødisk minoritet. Islam er òg representert i Mexico, først og fremst ved innvandrarar frå Midtausten, men det finst òg eit lite samfunn av urfolk som har gått over til islam i delstaten Chiapas.

Økonomi

Marknad i Mexico i 1980.

Mexico er ifølgje Verdsbanken den 12. største økonomien i verda mælt i kjøpekraftsparietet, og 13. størst mælt nominelt. Landet spelar såleis ei stor rolle i verdsøkonomien. I 1994 gjekk Mexico gjennom ei djup krise med fall i peso-kursen i høve til dollar, og dette gjekk sterkt utover kjøpekrafta til folk. Sidan har Mexico hatt ei imporerende forbetring i økonimien. Ifølgje Verdsbanken har mengda absolutt fattige gått ned frå 24,2 til 17,6 i perioden 2000-2004. Meksikanarane sjølv reknar med ca. 20% absolutt fattige, medan 50 % er fattige, men ikkje absolutt fattige. Dei andre 30 % utgjer middelklassa, og nokre hundre familiar er svært rike.

Landet er svært avhengig av svingingane i USA sin økonomi, og nedturen etter 2001 var merkbar også i Mexico. 85 % av handelen går til USA. Ei større innanlandsk kjøpekraft har likevel halde veksten oppe. Mexico er med i NAFTA, og har dermed fått etablering av amerikansk og kanadisk industri, men har til gjengjeld måtta opna opp for konkurranse på industrivarer og jordbruksprodukt på heimebane. Vidare har Mexico frihandelsavtaler med ei rekkje land og blokker, blant anna EU og Japan.

Mexico er ein stor eksportør av olje og gass. Oljeutvinninga føregår i det sørlege Veracruz og i den vesle, rike delstaten Tabasco, til dels òg på kontinentalsokkelen utanfor. Industrisektoren i landet er konsentrert i storbyene i det sentrale høglandet, slik som Mexico by, Puebla, Guadalajara og León, og dessutan i den første eigentlege industribyen i landet, Monterrey i nordaust. Områda i sør og på landbygda er utprega fattige.

Det har vaske fram ny industri langs grensa til USA, der «maquiladoras», amerikanske og kanadiske industriføretak lokka av lågare lønninger, har etablert produksjon av ferdigvarer. Hit kjem fattige frå dei sørlege delane av landet for å arbeida i industrien, og regionen har opplevd stor folkesetnadsauke og stigande velstand. Nokre byar, som Tijuana, Mexicali og Hermosillo, har fordobla folketalet kvart tiande år.

Turisme, først og fremst frå USA og Canada, men òg i aukande grad frå Europa og Japan, bidreg til handelsbalansen. Turismen er konsentrert i store badebyar langs kystane, slik som Acapulco, Ixtapa og Huatulco på stillehavskysten, og Cancún på den karibiske kysten. Med 39,3 millionar utanlandske vitjande i 2017 var Mexico det tredje største turistmålet i verda.[3]

Fleire millionar meksikanere i USA bidreg til den meksikanske økonomien ved å senda pengar heim.

Kultur

Mat og drikke

Grunningrediensane i meksikansk mat er delvis prekolumbiske, slik som mais, bøner, avokado, tomat, grøn tomat, chili, squash og kalkun, og nokre er innførte, slik som kveite, oksekjøt, svinekjøt, kylling, vin, oliven osb.

Daglegkosten i store delar av Mexico er prega av maislomper, tortillas, bøner, frijoles og chilisaus av tomat, chili og lauk, salsa. Tamales er maismasse pakka inn i dekkblad frå maiskolbar. Taco har opphav i Mexico.

Musikk og dans

Jarabe tapatío, ein folkedans frå Jalisco

Den best kjende musikkforma frå Mexico er mariachi frå Jalisco, som er prega av gitar og trompetar, og er blitt eit varemerke for meksikansk musikk. Frå Sinaloa kjem den rytmiske banda-musikken, medan norteño frå nordaust er prega av country og tex-mex. Son Jarocho frå Golfkysten blir typisk spelt på harpe, og har karibiske innslag. Marimba er det føretrekte instrumentet på Yucatán-halvøya.

Mange urfolk har eigne tradisjonar innan song og dans, som Danza de lós Voladores de Papantla frå totonac-kulturen i staten Veracruz. Fire menn kastar seg ut frå ei høg, vertikal stong med tau rundt beina. Så lèt dei seg langsamt snurra ned opp ned til bakken til rytmen av ei einsleg tromme.

Cumbia, som eigentleg kjem frå Colombia, er utbreidd som festdans, og har liknandestatus som dansebandmusikk i Noreg. Det same gjeld dei populære karibiske rytmane salsa og merengue. Middelklassen i storbyen høyrer like gjerne på pop og rock, anten importvare eller spanskspråkleg frå Mexico og resten av Latin-Amerika.

Oppsvinget for latinomusikk har ført til stor interesse for meksikansk populærmusikk over heile verda: Thalía, Luis Miguel, Paulina Rubio, Gloria Trevi, RBD og andre har vekt oppsikt også internasjonalt.

Songen «Cielito Lindo» er eit uoffisielt nasjonalsymbol for Mexico, og blir sungen for å uttrykka nasjonal identitet og nasjonalkjensle og for å heia fram landa under internasjonale idrettsarrangement.

Festar og tradisjonar

Mexico har ei rekkje tradisjonelle festivalar og opptog med dans og musikk. Blant dei viktigaste dagane for meksikanerne er følgjande:

  • «La Semana Santa», påskeveka, blir feira med opptog og pasjonsspel, med svært livaktige krossfestingsscener med heile kyrkjelyden som deltakarar.
  • 10. mai er morsdag, og i eit land der mødrer har stor tyding blir dei ofte tekne ut av menn og søner.
  • 1. og 2. november, i samband med allehelgensdagen og Día de Muertos, dreg meksikanarar på kyrkjegarden og har eit godt måltid i nærvær av forfedrane sine.
  • 12. desember feirar ein vernehelgenen til Mexico, Virgen de Guadalupe, med opptog og messar over heile landet.
  • 16.–24. desember går små born utkledd som Maria og Josef i posadas, som endar med fest og moro.
  • Natt til 25. desember feirar ein jul med kyrkjegang og stor middag etterpå.
  • 6. januar kjem «lós Reyés», heilage tre kongar, og gjev borna julegåver.

Kunst

Det finst store mengder prekolumbisk kunst i meksikanske museum, og tempelfriser og skulpturar frå dei ulike kulturane viser eleganse og variasjon. Dei eldste kunstverka er dei store steinhovuda frå Olmec-kulturen på Golfkysten.

Mexico har òg verdifull kunst og arkitektur frå kolonitiden. Dei eldste kyrkjene stammar frå tida rett etter erobringa, og er typiske forsvarskyrkjer med seingotisk interiør og fasadar i plateresco-stil (tidleg renessanse). Nokre kyrkjer jar òg mudéjar-innverknad, inspirert av maurisk spansk arkitektur. Ein meir utvikla renessansestil, kalla herresco, blei utvikla seint på 1500-talet, det flottaste monumentet i denne stilen er Catedral Metropolitana i Mexico by, som blei påbyrja i 1573. Frå 1600-talet av prega barokken arkitekturen, og i løpet av 1700-talet blei den frodige, originale churriguresco-stilen utvikla. Den mest kjende kyrkja i denne stilen er Santa Prisca i Taxco. Utsmykkinga både i kyrkjer og verdslege hus blir i stor grad gjort av urfolkkunstnarar, som nytolkar dei europeiske strøymingane og tilfører kraftigare fargar og meir liv.

Blant dei mest originale bidraga til kunsten frå Mexico er dei mange monumentale freskemåleria frå 1920-talet og framover, som typisk presenterer historia i landet med revolusjonær glød. Blant dei mest kjende muralistene er Diego Rivera. Kona hans Frida Kahlo er kjend for sine høgst personlege sjølvportrett.

Litteratur

Meksikansk litteratur kan skilta med namn som nobelprisvinnaren Octavio Paz, og dessutan Laura Esquivel, som har hatt stor suksess med boka Como agua para chocolate, på norsk Hjerter i chili. Det finst att litteratur frå førkolumbisk tid, og i tida rett etter erobringa gav prestar ut oppbyggjelege bøker på nahuatl.

Idrett

Nasjonalidretten i Mexico er hestesporten charrería.

Delstatar i Mexico

Kjelder

  1. Constitución de los Estados Unidos Mexicanos (1824), passim
  2. Constitución de la República Mexicana (1857), passim
  3. UNWTO Tourism Highlights: 2018 Edition, UNWTO, 2018, s. 8.

Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mexico
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mexico