This website does readability filtering of other pages. All styles, scripts, forms and ads are stripped. If you want your website excluded or have other feedback, use this form.

Kan ha funne eldste vestlandsgarden - bt.no

archive.today webpage capture Saved from 31 Jul 2012 11:46:37 UTC Redirected from history All snapshots from host www.bt.no Linked from wikinfo.org/w/English » List of pre-modern states ar.wikipedia.org » ممالك النرويج الضئيلة en.wikipedia.org » List of pre-modern states es.wikipedia.org » Anexo:Caudillos legendarios de Noruega WebpageScreenshot sharedownload .zipreport error or abuse short link long link markdown html code wiki code . ↑  annonse ↓annonse . . 31 juli 2012

RSS-feed bt.no @btno
Tips oss S 02211 a [email protected]
. .
TIPS OSS: 2211
.
Siste nytt: Mistenkelig gjenstand under bil ved den amerikanske ambassaden (kl.12:00)
.
.

Kan ha funne eldste vestlandsgarden

. På Eid kan arkeologar ha funne den eldste jordbruksbusetnaden på Vestlandet. Ei nesten 5000 år gammal steinøks er mellom kulturminna som er grave fram. Publisert: 18.sep. 2007 06:00 Oppdatert: 18.sep. 2007 07:51 a a a Share on facebook Del på facebook Share on google Del på google Share on twitter Del på twitter Share on email Send på epost TERJE ULVEDAL

- Det som er spesielt med denne utgravinga, er at vi finn kulturminna over eit så stort område. Vi kan dermed få fram ein større heilskap i samfunnet som var her, seier prosjektansvarleg for utgravingane, Asle Bruen Olsen. Han er seksjonsleiar i avdelinga for ytre kulturminnevern ved Bergen Museum.

Dei forhistoriske funna er gjort på ein kring 300 meter lang og 100 meter brei terrasse like ved sentrum på Nordfjordeid. Området som blir kalla for Golvsengane skal bli byggjefelt. Det var difor det blei starta utgravingar i slutten av august.

Sein steinalder
På under ein månad har det blitt avdekt kring 1000 kulturminne. Arkeologane har grave fram ti ulike forhistoriske hus. Det er gjort funn av stolpar, materiale frå hus og reiskapar. Det er funne delar av leirkar som truleg stammar frå bronsealderen. Utanfor husa er det oppdaga ei mengde kokegroper, truleg brukt i rituelle samanhengar. Funna stammar sannsynlegvis frå sein steinalder, bronsealder og jarnalder, altså ein periode på kring 3000 år.

Størst spenning knyter det seg til funnet av ei steinalderøks. Øksa, som er forma av bergarten basalt, er truleg frå perioden 2500 til 3000 før Kristus.

- Øksa blei funnen i eit område vi så langt ikkje kan knyte direkte til bustadene. Men greier vi å finne band mellom øksa og hustuftene, snakkar vi etter alt å dømme om den eldste påviste jordbruksbusetnaden på Vestlandet, seier Bruen Olsen.

Myklebust
Han set også funna i samanheng med tidlegare utgravingar på garden Myklebust midt i Eid sentrum. Eitt av dei rikaste vikingtidsfunna i landet blei gjort her på slutten av 1800-talet og først på 1900-talet. Mellom anna blei det funne ein høvding gravlagd i eit krigsskip som må ha vore minst like stort som Gokstadskipet. Stormannen har levd omtrent på same tid som Harald Hårfagre. Ingen veit sikkert kven det er som blei hauglagt på Myklebust, men ein teori mange trur på er at det var Audbjørn, konge over Fjordane.

- Ut frå Myklebustfunna veit vi at dei som budde her i vikingtida må ha hatt stor makt. Vi reknar med at dei funna vi no gjer, er forløparen til det som seinare blei storgarden på Myklebust. På mange måtar er det vi no avdekkjer grunnlaget for det maktsentrum Eid utvikla seg til, seier Olsen.

Haugen med skipsgrava og fleire av dei andre gravhaugane i det store Myklebustfunnet ligg framleis godt synleg i sentrumsområdet.

Ferdig i november
Arkeologane frå Bergen Museum er svært oppglødde over dei rike og varierte funna som er gjort under feltarbeidet siste vekene. Dei rekna med at det ville bli gjort ein del funn, men ingen ante at det skulle bli snakk om så mykje.

- Dette er eit av dei rikaste spora vi har etter forhistorisk busetnad på Vestlandet. Sett i samanheng med dei tidlegare vikingtidsfunna på Myklebust, er dette svært interessant, seier leiaren for utgravingane.

Bergen Museum reknar med at dei skal vere ferdige med arbeidet på Nordfjordeid i november.


↓annonse Trenger du penger? Eff. rente 16,93 %, 65 000,- o/5 år, etabl.geb. 975,- Totalt 94 308,-
www.finansa.no
250 visittkort for 50 kr Pluss en kortholder. Tidsbegrenset tilbud!
www.vistaprint.no
↓annonse

Siste fra Lokalt

NRK-profil anmelder
plakataksjonistene

NRK-journalisten ble uthengt som pedofil på plakater over hele Bergen sentrum. Nå har han anmeldt saken.
.

Krakilsk par angrep politiet

Måtte bruke pepperspary for å roe dem ned.
.

Kvinnene svikter Forsvaret

I flere år har Forsvaret jobbet for å øke kvinneandelen. Men fortsatt er under åtte prosent av de vernepliktige kvinner.
.

Kvinne tatt for knivstikking

En mann i 70-årene ble kjørt til Haukeland sykehus med skader i hodet.
.

Bruker solarier
som sprøyterom

- Alternativet er å sitte i parker eller trafikkøyer.
.

Vil kreve p-avgift på kjøpesentrene

Regjeringen vil la kommunene pålegge kjøpesentre og private grunneiere p-avgift. - Unødvendig, mener Lagune-sjefen.
.

Dei som budde her i vikingtida må ha hatt stor makt

ASLE BRUEN OLSEN

.

Relaterte bilder

FOTO: oddleiv apneseth FOTO: oddleiv apneseth
↓annonse
↓annonse

Bergen By - Tilbud

Dette deler våre lesere på Facebook:

Create an account or log in to see what your friends are recommending. Store prisforskjeller på softis9 people recommend this. . Kjæresten til antifeministen78 people recommend this. . - Tullesaker skygger for krisene321 people recommend this. . Med Marillion i familien20 people recommend this. . Facebook social plugin .
↓annonse Låne penger til noe nytt? Eff. rente 16,93 %, 65 000,- o/5 år, etabl.geb. 975,- Totalt 94 308,-
www.finansa.no
250 visittkort for 50 kr Pluss en kortholder. Tidsbegrenset tilbud!
www.vistaprint.no
Chess Sjakk Matt FriSurf, FriTale eller FriSMS for kun 348,- pr.mnd. Bestill nå!
www.chess.no

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

.

Siste saker

.
↓annonse  ↑↓annonse

Lederstillinger

Stillinger

↓annonse . .
X

Les også

NRK-profil anmelder plakataksjonistene

NRK-journalisten ble uthengt som pedofil på plakater over hele Bergen sentrum. Nå har han anmeldt saken.
0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%